Denne nyhetsartikkelen er mer enn ett år gammel og kan være utdatert. Gå til nyhetsoversikten.

Klubb-NM er ein konkurranse mellom fotoklubbane, der kvar klubb deltar med 20 bilder som representera klubben, der ein autor berre kan vera representert med maksimalt fire bilder. Gjennom to rundar, gir dette grunlaget for årets klubb. For vårrunden er innleveringsfristen 22. mars kl. 23:59.

Juryen for denne runden er frå Irland og består av:

  • Bill Power — FIPF, MPSA, EFIAP/g, ARPS
  • Paul Stanley — FIPF, EFIAP/P, ESFIAP
  • Gerry Andrews — EFIAP (han har ei nettside her: gerryandrews.com)

Innleveringsprosedyre

Klubb-NM er arrangert gjennom den fiktive klubben «_NSFF-Klubbkonkurranse» der tillitsvalgte i klubben no har blitt medlem. Dei vil derfor få opp konkurransen «Klubb-NM, vår 2021» på NSFF Min side under Konkurranser. Her kan klubben sine 20 bilder lastast opp på vanleg måte. Ver obs på at ein kan måtte logga ut og inn av Min side for at denne skal bli synleg.

Merk: Denne tilgangen er gitt till alle som er registrert som tillitsvalte, så det er viktig at klubben bestemmer kven som skal lasta opp bildene på vegne av klubben, og at berre denne personen lastar opp bilder.

Ved opplasting skal det skrivast inn tittel og veljast jpg-fil for bildet som vanleg. Sidan det ikkje mogeleg å legga inn namn på autor, skriv inn tittelen på fylgjande måte: «medlemsnummer-Tittel». For eksempel vil eit av mine bilder ha tittel: «3359-Bleiksøya». På denne måten får me inn all nødvendig informasjon og unngår å bruka ekstra innleveringsskjema i tillegg. Medlemsnummeret finn de i medlemslista for klubben ved å klikke på «Gå til medlemsliste» under Administrasjon på Min side.

Om bruk av NM-bilder

Tidlegare var klubben sine 20 bilder valt ut frå bilder som allereie var levert inn av medlemmane. Sidan klubb-NM er skilt heilt frå NM i foto, står de no fritt til å organisera utvalget på 20 bilder slik de måtte ynskja.

Dersom de likevel ynskjer å velja ut 20 bilder basert på NM i foto-bildene, må desse lastast ned før dei så kan leverast inn til klubb-NM. Det skal vera mogeleg ved å klikka på tannhjulet oppe til høgre på NM i foto konkurransen, velja «Se Deltakerliste» og «Last ned bilder» knappen oppe til høgre.

Funksjonen for valg av klubbarbeid, der de markera 20 bilder som var brukt i 2020, er ikkje i bruk. Om de prøver å levera klubbarbeid på denne måten, blir det ikkje registrert og ikkje rekna som deltaking i klubb-NM. Det er berre dei bildene som blir lasta opp på innleveringa som nemnt over som blir tatt med til juryen.

Er det spørsmål til klubb-NM, send det til bjarte.hoff@nsff.no.