Helpful puffins (Nina Jonsson)

Første plass Kreativt, NM i foto høstrunden 2020: Helpful puffins (Nina Jonsson)

Gjennomføringa av klubb-NM blir endra frå 2021, der dette går over til å bli ein heilt uavhengig konkurranse med eigen jury. Det blir altså ikkje eit utval basert på individuelt innleverte NM-bilete slik som tidlegare.

Sjå dei oppdaterte reglane her: https://app.box.com/s/3xt1vp3c81tk0hjkqjf4vcflqmqz2de4

Eigne bilete spesifikt for klubb-NM

Reint praktisk vil det bli oppretta ein ny konkurransetype i systemet vårt der tillitsvalte i klubben kan lasta opp bilete på vegne av klubben sine medlemmar. Det er tenkt at autor skal kunne veljast frå ei liste samtidig som tittelen blir lagt inn og bildet lasta opp. Korleis dette ser ut, kjem me tilbake til når funksjonen er klar i innleveringssystemet.

Det vil vera heilt opp til klubbane kva prosess dei ynskjer å ha for å vela ut dei 20 bileta, om det er basert på intern konkurranse, ein komite eller andre måtar.

Bakgrunnen for endringa er at ei kopling til NM har nokre klare utfordringar, både i resultat og reint praktisk i gjennomføringa — som denne haustrunden har vert eit godt eksempel på. Det vil gi NM-juryen større friheit i val av juryeringsmetode, utan at det berører klubb-NM. Sidan klubb-NM berre blir juryert med poeng og ikkje premierte bilete, kan jurymedlemma jobba uavhengig og ein kan nytta personar utan krav om at dei må fysisk samlast.

Godt utgangspunkt for deltakelse i klubb-VM

Når ein først har hatt ein slik prosess, kan ein vurdera å også delta i FIAP Clubs World Cup. Ver berre merksam på at i World Cup kan det berre vera to bilete per autor, ikkje fira som i klubb-NM.

Sjå meir om World Cup her: https://www.fiap.net/en/world-cup-for-clubs