Det har oppstått problem med resultata i Klubb-NM og me har sett oss nødt til å foreta ny juryering.
Ny jury blir forsøkt rekruttert lokalt i Narvik blant dei som tidlegare har juryert papriklassane for oss i NM. Derfor vil styret i kvar klubb vil få tilsendt ei liste over utvalte klubbarbeid med moglegheit til å oppdatere den, framleis med utgangspunkt i bildene frå haustrunden av NM.
Frist for eventuell oppdatering blir satt til søndag 6. desember. Dersom det ikkje blir svart på meldinga som blir sendt på e-post til styrene, så vil det opprinelege utvalet på 20 bildet bli brukt.
Grunnen til problemene er at juryen juryerte utanfor vårt system med ein anna poengskala enn i retningslinjene. Når dette vart oppdaga, var det tenkt at dette var uproblematisk og kunne enkelt reknast om med ein skaleringsfaktor i etterkant. Etter at utrekninga var gjort, viste det seg at resultata ikkje var samanliknbare med vårrunden og kunne ikkje brukast for å rekna ut årets klubb på ein rettferdig måte. Ny juryering vart derfor løysinga, sidan me ikkje ynskjer at det skal kunne stillast spørsmål om resultatet er gyldig i etterkant. Dette påverkar forøvrig ikkje resultatet for haustrunden av NM, men har sin årsak i den spesielle måten Klubb-NM blir arrangert på.
Til slutt kan det nemnast at det tidlegare i haust vart vedtatt nye reglar for Klubb-NM, som frå 2021 blir arrangert som ein heilt separat konkurranse, uavhengig av bildene levert til NM. Dette problemet skal derfor ikkje kunna oppstå i framtida. Det er også endring av klassane i NM og dei nye reglane blir publisert før jul. (Oppdatert med lenke til nye regler for klubb-NM, klikk her)