The glass and the fruit (Marie Hanssen)

The glass and the fruit (Marie Hanssen)

I haustrunden av NM i foto 2021 vart det levert inn 4884 bilder fordelt over 8 klassar, inkludert ungdomsklassen. Resultata er klare og tilgjengeleg her på app.nsff.no.

Individuelle rundevinnarar og spesialprisar

I haustrunden har enkelte personar utmerka seg:

  • Beste ungdomsfotograf er Marie Hanssen frå Bryne Fotoklubb.
  • Beste samanlagtfotograf for alle klassar er Asbjørn M Olsen frå Bekkalokket Fotoklubb.

Det kan også nemnast at Bekkalokket Fotoklubb har flest poeng når alle premierte og antatte bilder i NM blir summert. Resultat frå klubb-NM på utvalte klubbarbeid blir annonsert i ein eigen artikkel så snart resultatet er klart.

Komplett resultatliste er tilgjengeleg i konkurransesystemet vårt, ved å gå på Min side > Konkurranser og så sjå i oversikta over fullførte konkurranser i nedste del av sida.

Det er i tillegg to spesialprisar som blir delt ut kvar runde. Vinnarane er:

  • Leif Preus Fotopris for beste portrett går til Cathrin Flate Reiten frå Skodje Fotoklubb for bildet «Confidence», som også kom på 1. plass i klassen Papir småformat.
  • Jan Baashus-Jessen plakett for det mest kreative bilde går til Anette Tyler frå Fokus Fotoklubb for bildet «Epler». Bildet kom også 3. plass i Digital farge.

Jury med ekstrapremier

I haust var juryeringa utført i Polen og juryen bestod av:

  • Dorota Kycia
  • Alicja Przybyszowska
  • Bogusław Lebiedziński

I tillegg til den ordinære premieringa har juryen lagt ved ein liten ekstra premie som blir tilsendt:

  1. Digital Natur: «Eagle surfing» Vegard Hanssen
  2. Digital Farge: «Med fire små» Per Gunnar Voll
  3. Papir storformat Fritt motiv: «Three bears M» Arne Bergo
  4. Digital dokumentar: «Isbjorn mote» Atle Helland

Konkurranseutvalget gratulera alle med premierte og antatte bilder i denne runden av NM.

Statistikk frå haustrunden

Klasse Talet på bilder Premiert og antatt
Digital farge 1269 303 (23,9 %)
Digital monokrom 1181 272 (23,0 %)
Digital Natur 1015 264 (26,0 %)
Digital Dokumentar/journalistikk 631 157 (24,9%)
Digitalt Selfie 400 100 (25,0 %)
Papir storformat 131 42 (32,1 %)
Papir småformat 168 32 (19,0 %)
Ungdomsklassen 89 22 (24,7 %)

Totalt blei det levert 4884 bilder denne runden.