Alle medlemsklubbar i NSFF er invitert til å delta i klubb-NM, «Årets klubb», haustrunden 2021.
Kvar klubb levera inn 20 bilder, der kvar autor berre kan delta med fira bilder.
Konkurransen er no heilt åtskilt frå NM i foto, slik at det er opp til klubbane å organisera utveljinga på sin måte. Reint praktisk blir dette gjennomført ved at konkurranseansvarleg i kvar klubb får tilgang til ei innlevering der dei kan lasta opp dei 20 bildene som representera klubben.
Innleveringsfristen blir satt til midnatt 22. oktober, slik at dei som framleis ynskjer å ta utgangspunkt i bilder klubben leverte til NM har tid til det.
Juryen består i år av den danske fotoklubben Fotogruppen 8600, representert ved Peter Larsen, Kim Møller Andersen og Egon Hygom Poulsen.