Fotomaraton 2021

Som ein av aktivitetane i samband med Narvik Kameraklubbs 80-årsjubileum er alle NSFF-medlemmar invitert til å delta i ein nasjonal fotomaraton laurdag 5. juni. Konkurransen er godkjent av NSFF og gir poeng til nasjonale plakettar og hederstegn.

Det blir delt ut fire ulike tema i løpet av dagen, der innlevering skjer gjennom NSFF sitt konkurransesystem. Tema og innlevering skjer digitalt og du kan delta uavhengig av geografisk plassering, enten du er aleina eller at de går saman med ein gjeng frå din fotoklubb. Påmelding skjer innan mandag 31. mai ved ved å betala deltakaravgifta på app.nsff.no > Konkurranser (du finn konkurransen nedst på sida under Kommende konkurranser). Merk: ved låg deltaking, kan komiteen velja å avlysa konkurransen og deltakaravgifta blir då tilbakebetalt.

Fylgj Facebook-arrangementet — på konkurransedagen blir tema frigitt der til fylgjande klokkeslett:

  • kl. 09.00: Tema 1
  • kl. 11.00: Tema 2
  • kl. 14.00: Tema 3
  • kl. 16.00: Tema 4

Reglar og premiar

  • Til kvart tema kan det leverast inn tre bilder, som må vera lasta opp på NSFF.no innan kl. 18.00.
  • Bildene fylgjer vanlig NSFF-standard, som er 2400 pixlar på lengste side og maks 3 MB.
  • Deltakaravgifta er på kr 150,- som blir betalt før opplasting av bilder i NSFF sitt konkurransesystem.
  • Innleverte bilder kan brukast av Narvik Kameraklubb og NSFF til å presentera resultat frå konkurransen.

Premiar til kvart tema:

  • 1. premie 1000 kroner
  • 2. premie 500 kroner
  • 3. premie 250 kroner
  • Beste fotograf totalt: 2000 kroner

Me tar forbehold om at det er vist stor nok interesse for å gjennomføre konkurransen, der premiane kan bli redusert ved låg deltaking.

Konkurransen vil ha ein nordisk jury, som blir annonsert i forkant.