Klubb-NM er ein eigen konkurranse mellom fotoklubbane, der kvar klubb sender inn 20 bilder som representera klubben. I denne runden deltar 40 klubbar med til saman 800 bilder. Det er 10 fleire klubbar enn i haustrunden 2020.

I år er også første gongen at klubb-NM blir arrangert heilt separat frå NM i foto. Det gir klubbane ein større friheit i prosessen rundt utval av dei 20 bildene, samt at klubbar som har få deltakarar i NM i foto har kunne deltatt i klubb-NM. Det er derfor svært hyggeleg å sjå at det var god deltaking på tross av ny innleveringsmetode.

Resultat, vårrunden

Vi gratulerer dei tre beste klubbane:

  1. Kvinnherad Fotoklubb med 446 poeng – rundevinnar
  2. Sandnes Fotoklubb med 434 poeng
  3. Oslo Kamera Klubb med 431 poeng

Dei beste bileta frå dei tre beste klubbane, klikk for å sjå namn og bla i bileta:

Om juryeringa

Kvart bilde blir juryert av tre jurymedlemmar og dei vurdera kvart bilde på ein skala frå 0 til 10. I resultatlista er klubbane sortert på summen av alle poeng som er oppnådd. Summen av denne runden og haustrunden gir grunnlaget for årets klubb 2021.

I denne runden var juryen frå Irland:

  • Bill Power — FIPF, MPSA, EFIAP/g, ARPS
  • Paul Stanley — FIPF, EFIAP/P, ESFIAP
  • Gerry Andrews — EFIAP