Første plass ungdomsklassen: Relajado (foto: Hanne Hjøllo Selvåg)

I haustrunden av NM i foto 2020 vart det levert inn 5020 bilder fordelt over 8 klassar, inkludert ungdomsklassen. Resultata er klare og tilgjengeleg her på NSFF.no.

Individuelle rundevinnarar og spesialprisar

I haustrunden har enkelte personar utmerka seg:

  • Beste ungdomsfotograf er Hanne Hjøllo Selvåg frå Stavanger Fotoklubb.
  • Beste samanlagtfotograf for alle klassar er Nina Carlsen frå Lukkertid.

Det kan også nemnast at Bekkalokket Fotoklubb har flest poeng når alle premierte og antatte bilder i NM blir summert. Resultat frå klubb-NM på utvalte klubbarbeid blir annonsert i ein eigen artikkel så snart resultatet er klart.

Komplett resultatliste er tilgjengeleg i det nye konkurransesystemet vårt, ved å gå på Min side > Konkurranser, og så i oversikten over fullførte konkurranser i nedste del av sida.

Det er i tillegg to spesialprisar som blir delt ut kvar runde. Vinnarane er:

  • Leif Preus Fotopris for beste portrett går til Olaf Aune frå Trondhjems Kameraklubb for bildet «Double exp 2», som også kom på 3. plass i klassen Digital monokrom.
  • Jan Baashus-Jessen plakett for det mest kreative bilde går til Ida Kristin Vollum frå Haugaland Fotoklubb for bildet «Eating my own shit». Bildet kom også 3. plass i kreativ-klassen.
Double exp 2 (foto: Olaf Aune)
Eating my own shit (foto: Ida Kristin Vollum)
I haust var juryeringa utført i Tyskland med støtte frå PSA og German International Photocup:

  • Norbert Heil, APSA, MPSA
  • Hermann Mohr, EFIAP
  • Helmut Förter, EPSA

Konkurranseutvalget gratulera alle med premierte og antatte bilder i denne runden av NM.

Statistikk frå haustrunden

Klasse Talet på bilder Premiert og antatt
Digital farge 1295 314 (24,2 %)
Digital monokrom 1145 292 (25,5 %)
Digital Natur 1032 253 (24,5 %)
Digital Kreativt 598 132 (22,1%)
Digitalt Eventyr 573 133 (23,2 %)
Papir storformat 174 42 (24,1 %)
Papir småformat 133 30 (22,6 %)
Ungdomsklassen 70 20 (28,6 %)

Totalt blei det levert 5020 bilder denne runden, som er 98 fleire enn i vårrunden.