
1. plass digital farge, vårrunden NM i foto 2020: Ungjente (Christian Fradet, Fredrikstad fotoklubb)
Resultatet frå dei digitale klassane av NM i Foto, vårrunden 2020 er klare.
På grunn av at korona-pandemien har forsinka juryering av papirklassane er ikkje resultatet publisert i det nye systemet vårt enda, men du finn dei gjennom lenker til bildekatalog og excel-fil i denne artikkelen.
> Resultata finn du her <
Alle kan sjå lista direkte i nettlesaren med lenka over, eller lasta ned reknearket til eigen pc.
Bildekatalogar
Her er bildekatalog per klasse, som viser alle premierte og antatte bilder. På grunn av filstørrelsen kan det la litt tid å opna/lasta ned katalogen. Kvaliteten skal vera god nok til å kunne brukast som bildevisning på eit klubbmøte. Det er anbefalt å lasta ned filene på eigen pc før visning.
- Digital farge – Fritt motiv
- Digital monokrom – Fritt motiv
- Digital – Natur
- Digital – Kreativ
- Ungdomsklassen Digital – Fritt motiv
Litt statistikk
Totalt har 491 medlemmar frå 61 klubbar levert 4866 bilder. Ungdomsklassen kjem i tillegg med 49 bilder.
Til samanlikning var det i vårrunden i fjor 480 medlemmar frå 62 klubbar med 4620 bilder. Det er altså ei auke på 295 bilder samanlikna med 2019. Det er flott at så mange har fått levert gjennom det nye systemet.
Her er litt statistikk for kvar klasse:
- Digital Farge: 1379 bilder
- Digital Monokrom: 1264 bilder
- Natur: 1066 bilder
- Kreativt: 623 bilder
- Papir storformat: 251 bilder
- Papir småformat: 220 bilder
- Papir Kolleksjon: 63 bilder
- Ungdom: 49 bilder