Resultat frå vårrunden av NM i foto 2020 var planlagt publisert innan 3. mai, men er dessverre forsinka. Dette er med bakgrunn i at koronapandemien har ført til at juryen ikkje har kunna vurdert papirklassane.

Det har likevel vert intensjonen om å få publisert dei digitale klassane innan den indikerte datoen, men det har bydd på tekniske utfordringar. Ein situasjon der ein ynskjer å fullføra berre deler av klassane innan ein enkelt konkurranse er det ikkje tatt høgde for i det nye systemet (og for så vidt ikkje i det gamle heller). Konkurranseutvalget har fått kopiert ut juryen sine poengsummar i Excel-lister og håpar å få publisert ei manuell resultatliste frå dei digitale klassane så snart det lar seg gjera.

Sjølve juryeringa er i gang og alle bilder har fått sin poengsum, men det er ikkje fullført med tanke på kva bilder som blir premiert og tilhøyrande kommentarar. For å letta arbeidet for juryen, har det blant anna blitt laga ein eigen pdf-katalog med alle antatte bilder sortert etter poeng. Håpet er at me på den måten kjem raskare i mål.

For papirklassane er det nok berre å smøra seg med tolmodigheit. Her er me avhengig av at juryen kan møtast og må ta omsyn til den situasjonen og avgrensingar det er i Belgia. Det kan gå kort tid, eller svært langt tid. I desse tider må me berre ta det som det kjem.

Det medføre også at resultatet av klubb-NM blir tilsvarande forsinka.