Norgesmeister i foto 2019 er den som samanlagt har oppnådd flest poeng i vårrunden og haustrunden av NM. I år var det ein klar vinnar av tittelen.
Etter fintelling og kontrollsjekking, er topplista for beste fotograf i 2019:
- Nina Carlsen frå Lukkertid med 65 poeng og dermed Norgesmeister i foto 2019
- Russel Allen Jacobsen frå Oseberg Photo Society med 37 poeng
- Håkon Grønning frå Trondhjems Kameraklubb med 36 poeng
Tilsvarande er årets ungdomsfotograf:
- Thomas Sirevåg frå Sandnes Fotoklubb med 30 poeng og dermed Årets Ungdomsfotograf 2019
- Peter Elias Hoddevik frå Skodje Fotoklubb med 25 poeng
- Cato Romero frå Trondhjems Kameraklubb med 17 poeng
Årets klubb er den klubben som har oppnådd flest poeng på utvalde klubbarbeid i vårrunden og haustrunden av NM i 2019. Dei tre beste klubbane og årets klubb er:
- Skodje Fotoklubb med 49 poeng og dermed Årets Klubb 2019
- Sandnes Fotoklubb med 43 poeng
- Trondhjems Kameraklubb og Oseberg Photo Society, begge med 41 poeng
Konkurranseutvalget gratulera Norgesmeisteren, Årets Ungdomsfotograf og Årets Klubb med godt arbeid i 2019 og håpar det inspirera vinnarane og alle andre til vidare fotoaktivitet i 2020.
Presentasjon av alle vinnarbileta kjem på NSFF Magasin.