Denne nyhetsartikkelen er mer enn ett år gammel og kan være utdatert. Gå til nyhetsoversikten.
I vårrunden vart det levert inn 4478 bilder fordelt over åtte klassar, inkludert ungdomsklassen. Resultata er klare og tilgjengeleg her på NSFF.no. Alle premierte bilder har juryen sine kommentarar. Det er også gitt overordna kommentar til kvar enkelt klasse. Klikk her for eit samandrag av alle klassar, samt resultat av klubbarbeida for haustrunden. Resultata er også tilgjengelege via menypunktet «Resultatservice».
I år vart papirklassane juryert i Narvik, av ei variert jury med erfaring frå fotografi og galleridrift. Alle projeksjonsklassane vart juryert i Danmark av fotoklubben Downstairs, som er Danmark sin største fotoklubb.
Individuelle rundevinnarar og spesialprisar
I haustrunden har enkelte personar og klubbar utmerka seg:
- Beste Ungdomsfotograf er Peter Elias Hoddevik frå Skodje Fotoklubb.
- Beste samanlagtfotograf for alle klassar er Jon Knutsen frå Oseberg Photo Society.
- Beste klubb, klubb-NM vårrunden, er delt mellom Asker og Bærum fotoklubb og Lukkertid
fotoklubb.
Det kan også nemnast at Oslo Kameraklubb har flest poeng når alle premierte og antatte bilder i NM blir summert.
Det er i tillegg to spesialprisar som blir delt ut kvar runde. Vinnarane er:
- Leif Preus Fotopris for beste portrett går til Monica Elise Vestre frå Skodje Fotoklubb for bildet «Too young», som også kom på 2. plass i klassen fargepapir.
- Jan Baashus-Jessen plakett for det mest kreative bilde går til Geir Kjærstad frå Oslo Kameraklubb for bildet «Fear». Bildet vant også gull i Kreativ-klassen.
Konkurranseutvalget takkar for tolmodigheita og gratulera alle med premierte og antatte bilder i vårrunden av NM.