Klikk her for eit samandrag av alle klassar, samt resultat av klubbarbeida for haustrunden.
Resultata er også tilgjengelege ved å klikke på «Resultatservice» på nsff.no si framside.
I år vart papirklassane juryert i Narvik av ei variert jury med erfaring frå fotografi, bildekunst og galleridrift. Alle projeksjonsklassane vart juryert i Hellas av Hellenic Photographic Society, som har lang erfaring innan fotokonkurransar og samarbeid over landegrensene. Klubben var i starten av året vertskap for utstilling av 50 årbokbilder.
Individuelle rundevinnarar og spesialprisar
I haustrunden har enkelte personar og klubbar utmerka seg:
- Beste Ungdomsfotograf er Cato Romeo frå Trondhjems Kameraklubb.
- Beste samanlagtfotograf for alle klassar er Lars Martin Teigen frå Kvinnherad fotoklubb.
- Beste klubb, klubb-NM haustrunden, er Bekkalokket Fotoklubb.
Det kan nemnast at Bekkalokket Fotoklubb hadde flest poeng, ikkje berre på dei 20 utvalde klubbarbeida, men også samanlagt for alle premierte og antatte bilder i haustrunden.
Det er i tillegg to spesialprisar som blir delt ut kvar runde. Vinnarane er:
Leif Preus Fotopris for beste portrett går til Line Skår frå Skodje Fotoklubb for bildet «You….Stole my soul», som også vant gull i klassen monokrompapir.
Jan Baashus-Jessen plakett for det mest kreative bilde går til Morten Klungland frå Bryne Fotoklubb for bildet «Miracle». Bildet vant også gull i Kreativ-klassen der det fekk topp-score av alle tre jurymedlemmane.
Konkurranseutvalget takkar for tolmodigheita og gratulera alle med premierte og antatte bilder i haustrunden av NM.