Rapport fra Nasjonalparkriket foto- og filmfestival 2021

Rapport fra Nasjonalparkriket foto- og filmfestival 2021

Fotoklubbane i Nord-Gudbrandsdalen (Lom Knipsarlag, Vågå Kameraklubb, Dovrefjell Fotoforum og Linselusa Vinstra) har for tredje gong arrangert Nasjonalparkriket Foto- og filmfestival. Denne gongen som eit nasjonalt fototreff i samarbeid med NSFF.

64 fotografer frå sydspissen av Norge og opp til nordre del av Trøndelag var samla, til stor glede etter halvannet år med pandemi. Treffet starta fredag kveld på kulturhuset i Vågå der de lokale fotografene Asgeir Hagen frå Vågå Kameraklubb og Ole Thøring frå Dovrefjell fotoforum viste bilder, samt ein presentasjon av CEWE Japan Photo.

På laurdagen var det fullt opp med program. Naturfotgraf Orsolya Haarberg tok ein stor del av deltakarane med på eit føredrag «Frå storslåtte landskap til små detaljar i fjellheimen», før ho tok tilhørarane med seg til Ridderspranget for praktisk fotografering. Thor Håkonsen kjørte workshop i makro og reptilfotografering for mange av deltakerane. Hans Jakob Dahl tok imot ein del av deltakarane i Vågåkyrkja, og hadde eit interessant foredrag om kyrkja før ei slepte dei laus til fotografering både inne og ute. Eit interessant foredrag om konkurransefotografering og juryering vart halde av Roald Synnevåg, mens Martin Amble Ruge hadde ei innføring i filmproduksjon.

Laurdagskvelden vart brukt til festmiddag og sosialt samvær, til glede for  mange som hadde sakna dette under pandemien.

De fire arrangørklubbane hadde utstilling av bilder i kulturhuset, og på Vågå Hotell hang ei deltaker utstilling der alle kunne ha med bilde og henge opp. Det var og arrangert fotokonkurranse med bilder frå Vågå tatt under treffet.

Sundag vart avslutta med utdeling av premiar frå treff konkurransa og det bilde som flest likte på deltakar utstillinga. Dette skjedde etter at Kari Sveen, nasjonalparkforvalter i Jotunheimen og medlem i Vågå Kameraklubb, hadde hatt eit bildekåseri med tittelen «Jotunheimen – Frå fjellpionerar til instagramturistar» og Tone Bakken, også frå Vågå Kameraklubb, hadde fortalt korleis ho jobber med sine bilder.

Vinnarane av treffkonkurransa (foto: Svein Ole Valde)

Vinnarane av treffkonkurransa (foto: Svein Ole Valde)

Lillehammer Kameraklubb tok de to fyrste plassane ved Frid-Jorunn Stabell (i midten) med fyrste plass og Øystein Nordås på andreplass. Tredjeplassen vart vunne av Kristine Ødeby frå Oslo, som foreløbig ikkje er medlem i nokon fotoklubb. Her er de med sine gavekort frå CEWE Japan Photo.

foto Frid-Jorunn Stabell

Vinnerbildet frå festival-konkurransa: «Den blå steinen» fotografert av Frid-Jorunn Stabell

Om forfatteren

Rune Hermansen

Varamedlem til styret i NSFF. Medlem av Linselusa Vinstra.

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

RSS SISTE FRA NSFF.NO

  • Delta på landslaget for 37. FIAP Svart-hvitt biennale 4. november 2025
    Vi inviterer nå medlemmer i klubber tilsluttet NSFF til å sende inn foto til landslaget i 37th FIAP Black and white biennial, med TRAPPER som motiv. Besøk nsff.no for mer informasjon fra Norsk Selskap for Fotografi.
  • Statistikk for høstrunden av NM i foto 2025 15. oktober 2025
    Her er statistikk for NM i foto, høstrunden 2025 Besøk nsff.no for mer informasjon fra Norsk Selskap for Fotografi.
  • Juryeringen av NM i film 2025 4. oktober 2025
    Se sendingen: juryeringen av NM i film 2025 Besøk nsff.no for mer informasjon fra Norsk Selskap for Fotografi.
  • Resultater NM i film 2025 9. september 2025
    Resultatene har ligget tilgjengelig på konkurransesystemet en liten stund, men her er de for ordens skyld også for full offentlighet. Vi gratulerer! Besøk nsff.no for mer informasjon fra Norsk Selskap for Fotografi.
  • Invitasjon til NM i foto høsten 2025 23. august 2025
    Velkommen til NM i Foto 2025, del to, høstrunden Besøk nsff.no for mer informasjon fra Norsk Selskap for Fotografi.

Medeier Norsk Naturfotofestival

Norsk Naturfotofestival

Nordiske fotoorganisasjoner

Nordic Society of Photography (NFFF) Norsk fotohistorisk forening Fellesorganisasjonen Foto-Norge Selskabet for Dansk Fotografi (SDF) Suomen Kameraseurojen Litto Ry (SKsl) Riksförbundet Svensk Fotografi (RSF)

RSS NFFF (nordic.photo )