
Rapport fra Nasjonalparkriket foto- og filmfestival 2021

Fotoklubbane i Nord-Gudbrandsdalen (Lom Knipsarlag, Vågå Kameraklubb, Dovrefjell Fotoforum og Linselusa Vinstra) har for tredje gong arrangert Nasjonalparkriket Foto- og filmfestival. Denne gongen som eit nasjonalt fototreff i samarbeid med NSFF.
64 fotografer frå sydspissen av Norge og opp til nordre del av Trøndelag var samla, til stor glede etter halvannet år med pandemi. Treffet starta fredag kveld på kulturhuset i Vågå der de lokale fotografene Asgeir Hagen frå Vågå Kameraklubb og Ole Thøring frå Dovrefjell fotoforum viste bilder, samt ein presentasjon av CEWE Japan Photo.
På laurdagen var det fullt opp med program. Naturfotgraf Orsolya Haarberg tok ein stor del av deltakarane med på eit føredrag «Frå storslåtte landskap til små detaljar i fjellheimen», før ho tok tilhørarane med seg til Ridderspranget for praktisk fotografering. Thor Håkonsen kjørte workshop i makro og reptilfotografering for mange av deltakerane. Hans Jakob Dahl tok imot ein del av deltakarane i Vågåkyrkja, og hadde eit interessant foredrag om kyrkja før ei slepte dei laus til fotografering både inne og ute. Eit interessant foredrag om konkurransefotografering og juryering vart halde av Roald Synnevåg, mens Martin Amble Ruge hadde ei innføring i filmproduksjon.
Laurdagskvelden vart brukt til festmiddag og sosialt samvær, til glede for mange som hadde sakna dette under pandemien.
De fire arrangørklubbane hadde utstilling av bilder i kulturhuset, og på Vågå Hotell hang ei deltaker utstilling der alle kunne ha med bilde og henge opp. Det var og arrangert fotokonkurranse med bilder frå Vågå tatt under treffet.
Sundag vart avslutta med utdeling av premiar frå treff konkurransa og det bilde som flest likte på deltakar utstillinga. Dette skjedde etter at Kari Sveen, nasjonalparkforvalter i Jotunheimen og medlem i Vågå Kameraklubb, hadde hatt eit bildekåseri med tittelen «Jotunheimen – Frå fjellpionerar til instagramturistar» og Tone Bakken, også frå Vågå Kameraklubb, hadde fortalt korleis ho jobber med sine bilder.

Vinnarane av treffkonkurransa (foto: Svein Ole Valde)
Lillehammer Kameraklubb tok de to fyrste plassane ved Frid-Jorunn Stabell (i midten) med fyrste plass og Øystein Nordås på andreplass. Tredjeplassen vart vunne av Kristine Ødeby frå Oslo, som foreløbig ikkje er medlem i nokon fotoklubb. Her er de med sine gavekort frå CEWE Japan Photo.

Vinnerbildet frå festival-konkurransa: «Den blå steinen» fotografert av Frid-Jorunn Stabell