
Atle Helland – Den fyrste i Noreg til å oppnå 1000 poeng i nasjonale konkurransar med NSFF-godkjenning
Atle Helland byrja med fotografering i 1983 og var ein av fleire som tok initiativet til å starta Kvinnherad Fotoklubb det same året. Han deltok for første gong i NM i 1985.
(Trykk på bileta for å få riktig form)
Kva er grunnen til at du no har nådd 1000 poeng i NM?
– Grunnen er nok mykje fordi eg er «altetande» innan foto. I 1987 bygde eg eit lite fotostudio og eit mørkerom. Eg har opphalde meg mange timar der då dette er ein prosess eg likar godt. Eg føler at bileta vart meir mine på denne måten.
Poenga i NM foto, spesielt på nittitalet, kjem nok frå mørkerommet. Eg vann NM både i den analoge og digitale tidsalder i 1997, 2003, og 2011. Då eg hadde rundt 7-800 poeng, tenkte eg det ville vore artig å nå 1000 poeng innan NSFF blei 100 år i 2027. Han fortel at han den siste tida har forenkla bileta sine.
– Jo enklare og reinare dei er, dess betre synest eg.
Mesteparten av motivet finn han om morgonen, for eksempel om sommaren på hytta i Numedal. Då står han opp før hanen gjel, klokka 0400 og kjem tilbake når dei andre vaknar klokka 0830.
– Skodde, dis, og frostrøyk er favorittmotiva mine. Eg prøver å fange denne roa og stemninga og overføre den til minnebrikka. Eg er også ein aktiv hjortejeger, og har alltid med kamera. Fleire gonger eg har valt kameraet framfor geværet.
Via heimesida si, www.atlehellandfoto.no, sel han bilete til brosjyrar eller bildebøker.
Plakettene ble innført i 1976, den gang var det bare resultater i Landskonkurransene (nå NM i foto) som telte til plaketter. I 2014 gjaldt også resultater fra nasjonale konkurranser med NSFF godkjenning. (Kilde: Roald Synnevåg, sekretær og leder i internasjonalt utvalg i NSFF)