Portrettintervju av Arnold Hoddevik – Ligthroomentusiast

Arnold Hoddevik frå vêrharde Hoddevik på Stad, fyller snart 71 år. Med familiens kasseforma fotoapparat, med ei søker for portrett- og ei for landskapsformat, byrja fotointeressa hans allereie då han var ein ung gut. Til konfirmasjonen fekk han sitt eige Instamatic-kamera, og på midten av 70-talet ein speilreflekskamera. Då han fylte 50 og fekk eit digitalt kamera, byrja fotograferinga å ta av. Lidenskapen hans er å fanga augneblinka og lyset i motiva.

 

Er fotografi for deg ein hobby, ein livsstil eller eit levebrød?

– Fotografering er både ein kjær hobby, men  sidan eg tilbyr Lightroom-tenester ved hjelp av fjernhjelp/ rettleiing via Internett på kundens eige datamaskin, også ei næring. I tillegg held eg kurs, både for fotoklubbar og andre grupper.

 

Kva fotograferer du helst?

– Eg likar så mange tema – altfor mange. Det å fotografere i dårleg lys er spennande, og landskap og natur med lang lukkartid har gitt meg bilete som eg likar godt. Vatn, elv og sjø høyrer også til mine favorittmotiv sidan oppveksten ved storhavet har sett sine spor. Å fotografere på arrangement likar eg òg godt. Eg har fotografert mange arrangement, til dømes konsertar, bedriftsarrangement, matfestivalar/kokke-NM, trialløp, osv. Musikkfestivalen Fjord Cadenza her i Skodje er det som står meg nærmast. Fuglar og ville dyr likar eg også godt å feste til minnebrikka, i tillegg til makro, portrett, eller helst miljøportrett.

Hans eigen stil leitar han framleis etter, men meiner sjølv at dårleg lys og lang lukkartid er ein del av uttrykket hans. Han føretrekk å redigera sjølv og unngår «preset»-knappane. Forklarar det med at det ikkje er hans redigering, og at «preset» berre er laga for éi type bilete og ikkje passar for alle typar bilete. Han likar òg utfordringa med å meistre bruken av Lightroom. For å framheve motivet, nyttar han lyset og gjer etterarbeid. På solskinsdagar med blå himmel, unngår han å fotografere midt på dagen. Han er opptatt av å utnytte det naturlege lyset.

 

Han fortel at under fotografering brukar han av og til filter som gråfilter og polafilter for å fjerne refleksar, eller filter til nattfoto. Han brukar nesten berre Lightroom Classic for redigering og prøver å bli så god på programmet som mogleg. Det er eit svært godt program, både for arkiv med sine avanserte filtrerings- og søkeverktøy, redigering og presentasjon. Sidan han held kurs, er det sjølvsagt viktig å beherske dette til fingerspissane. Han ser òg på førebuing før eit fotoprosjekt som viktig. Å sjekke vêret er òg ein del av denne førebuinga.

 

Kva inspirerer deg?

– Å sjå kva andre får til. Eg kopierer ikkje idear, men arbeid eg ser gir meg inspirasjon til å skape noko anna. Eg får også inspirasjon av tilbakemeldingar, og når eg syns eg blir nøgd med det eg får til.

 

Når du fotograferer, er det helst i lag med andre fotovenner eller går du åleine?

– Det avheng av forholda og målet. Nokre gonger må eg berre vere åleine for å få roa og kunne bruke den tida eg treng. Andre gonger er det fint med selskap. Eg har ikkje delteke på fotoreiser. Det er noko med at motiva på slike reiser blir litt oppbrukte.

 

Viser du fram bileta dine til andre? Korleis?

– Eg viser fram bileta, ja. Facebook og Instagram er dei sosiale kanalane eg brukar. Så lanserte eg ei ny nettside 15. september 2023, https://arnoldfoto.no, med fleire bildegalleri. Der presenterer eg eit utval bilete, informasjon om Lightroom og tenester eg tilbyr, som fjernhjelp og kurs. Sida har eg forma og bygd sjølv, så eg er litt stolt av den – eit stort framsteg frå den gamle. Eg har fått mange gode tilbakemeldingar på nettsida. Eg deltek i fleire konkurransar og har òg delteke på fleire utstillingar.

 

Har du nokon forbilde, eller er det nokon fotografar du gjerne vil nemne?

– Eg har fleire forbilde, så det er umogleg å nemne alle. Her er berre nokon:

  • Tone Haugerud i Mysen, for ho er så positiv, kreativ og flink til å utnytte naturen tilpassa den enkelte personen,
  • Ma Ortiz i Ørsta, for ho er så flink å utnytte naturen,
  • Audun Rikardsen i Tromsø, for hans evne til å skape heilt unike bilete i ein eigen liga,
  • Sidsel Tønnessen i Lyngdal, for det personlege uttrykket ho har klart å finne,
  • John Colbensen, m.a.. for sitt klare blikk for gode motiv og komposisjonar,
  • Jostein Hellevik,
  • Roger Brendhagen og
  • Even Hønsen Agerup for deira engasjement for natur, ville dyr og kvalitet.

 

Kva fotograf ville du hatt med på ein fototur?

– Audun Rikardsen. Vi skulle sjølvsagt dratt ut i naturen, gjerne på sjøen eller kanskje Svalbard. Svalbard er magisk.

 

Har du eit mål eller spesiell ambisjon som fotograf? Eit prosjekt du gjerne skulle gjennomført, ein workshop du gjerne ville vore med på, ein stad du gjerne skulle oppsøkt eller eit motiv du gjerne skulle ha fanga?

– Eg skulle gjerne besøkt både Island og Færøyane. Naturen i desse øyrika saknar sidestykke. Både geologi, landskap, formasjonar og fargar ser ut til å vere unike. Det er kanskje dumt å spreie seg på så mange typar motiv – kan ikkje bli god på alt. Det er likevel viktig for meg, fordi eg er så engasjert med Lightroom. Seinare i haust får Skodje fotoklubb besøk av Ragne Sigmond, så eg har også meldt meg på workshop med henne. Det gler eg meg til. Ho har eit særeige uttrykk, som ho har motteke premie for i større konkurransar.

Fortel meir om di interesse for Lightroom

– Lightroom blir nemnd fleire gonger. Det har samanheng med at arbeid med Lightroom utgjer ein stor del av aktivitetane mine knyta til foto. Eg vart interessert i programmet då eg vart medlem i Ålesund Kameraklubb for ca. 25 år sidan. Våren 2010 var eg med og stifta Skodje Fotoklubb.

Eit år heldt Mikkel Åland eit foredrag under Nordic Light i Kristiansund. Han hadde nyleg gitt ut ei bok med tittelen «The Tasmania Adventure». Det var historia om då Adobe inviterte ei gruppe fotografar med på tur til Tasmania for å definere innhaldet i eit nytt dataprogram for fotografar. Programmet skulle ivareta alle oppgåver i ein naturleg arbeidsflyt for ein fotograf.

Dette tente meg, og eg kjøpte programmet kort tid etter. I kameraklubben var det også stor interesse for programmet, men folk ønska opplæring – men på norsk, som ikkje fanst då. Eg byrja for alvor med å sette meg inn i programmet og gav først ut ei bok for Lightroom 3 og seinare ei kraftig utvida utgåve for Lightroom 4. Den blir stadig levert som PDF. Dessverre har eg ikkje hatt kapasitet til å utvikle ho for nyare versjonar, og no er tida for skriftlege bøker av denne typen over. No blir programmet endra fleire gonger i året, så litteratur blir fort utdatert. Opp gjennom åra har eg halde ei lang rekkje kurs, frå Moi i sør til Svalbard i nord. Fleire fotoklubbar har invitert meg som kurshaldar, nokre av dei to gonger.

Facebook-gruppa Lightroom vart oppretta for å støtte dei som kjøpte boka mi. Plutseleg begynte medlemmar å invitere vener, og no er det over 7260 medlemmar i gruppa. Der er stadig spørsmål om bruk av Lightroom. Under koronapandemien dukka det opp behov for meir inngåande hjelp. Då byrja eg med fjernhjelp med Teamviewer som verktøy. Det auka fort, og sidan starten har eg vore innom meir enn 200 maskiner i Skandinavia. For nokre var besøket heilt avgjerande i ei fatal krise. Eg har også reparert korrupte katalogfiler hos fleire som ikkje hadde sikkerheitskopiar.

Ein profesjonell fotograf sa nyleg til meg: «Du er min faste datakonsulent.», mens ein annan sa: «Det er ingen andre enn du som slepp inn på mi maskin.» Kjekt å oppleve slikt. Slik fjernhjelp er svært inspirerande, og kurs er òg utruleg kjekt å halde på med. Eg har ein avtale med NSFF som gjer at medlemsklubbar over heile Norge kan kontakte meg og arrangere kurs med meg. Eg håpar å halde på med dette lenge enno. Den nye nettsida kan kanskje hjelpe til med det.

Om forfatteren

Inger Postvoll

Redaktør av NSFF Magasin. Medlem i Haugaland Fotoklubb og PSA. Initiativtaker til damegruppa Lens Babes.

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

RSS SISTE FRA NSFF.NO

  • Invitasjon til NM i foto våren 2025 15. januar 2025
    Velkommen til NM i Foto 2025, del en, vårrunden Besøk nsff.no for mer informasjon fra Norsk Selskap for Fotografi.
  • Delta i Nordisk International Small Print Circuit og Nordisk Fotomesterskap for bildespill 1. desember 2024
    Det nordiske forbundet har nå publisert informasjon om Nordic International Small Print Circuit 2025 og Nordisk Fotomesterskap for Bildespill 2025. Besøk nsff.no for mer informasjon fra Norsk Selskap for Fotografi.
  • Master of Photography MNFFF er oppdatert med nye muligheter 30. november 2024
    Master of Photography NFFF-tittelen har blitt revidert for bedre å oppfylle sitt opprinnelige formål: å være en porteføljetittel. Besøk nsff.no for mer informasjon fra Norsk Selskap for Fotografi.
  • Norgesmester i foto 2024 31. oktober 2024
    Vi gratulerer Vegard Hanssen som Norgesmester i foto 2024, og Victoria E Barane som årets ungdomsfotograf 2024 Besøk nsff.no for mer informasjon fra Norsk Selskap for Fotografi.
  • Resultater NM 2024 høstrunden 31. oktober 2024
    I høstrunden av NM i foto 2024 ble det levert inn 5483 bilder fordelt på 7 klasser og 52 bilder i ungdomsklassen Besøk nsff.no for mer informasjon fra Norsk Selskap for Fotografi.

Medeier Norsk Naturfotofestival

Norsk Naturfotofestival

Nordiske fotoorganisasjoner

Nordic Society of Photography (NFFF) Norsk fotohistorisk forening Fellesorganisasjonen Foto-Norge Selskabet for Dansk Fotografi (SDF) Suomen Kameraseurojen Litto Ry (SKsl) Riksförbundet Svensk Fotografi (RSF)

RSS NFFF (nordic.photo )