Narvik Kameraklubb med utandørsutstilling «Årstider i Arktis»

Narvik Kameraklubb med utandørsutstilling «Årstider i Arktis»

Narvik Kameraklubb opna klubben si første utandørsutstilling «Årstider i Arktis» 2. desember. 13 bilder på 1,5 m x 1 m trykt på aluminium er montert opp midt i sentrum like utanfor det nye biblioteket i Narvik.

Dette er noko klubben har jobba med i over 1,5 år og me er strålane fornøyd med resultatet. Det var også Roger Bergersen, som stod for den offisielle opninga. Han er dagleg leiar for Forte Narvik, som eig bygingen. Det vart servert gløgg til alle oppmøtte.

Me hadde i utgangspunktet invitert Statsminister Erna Solberg til å ta den offisielle opninga når ho likevel var i Narvik i samband med opning av Hålogalandsbrua 9. desember, men ho hadde dessverre ikkje plass i programmet til oss.

12 av bildene er frå klubben sine medlemmar. Sidan Nordkraft er ein av hovudsponsorane våre, vart det holdt ein intern konkurranse blant dei tilsette, der Simon Stokvold trakk det lengste strået og fekk delta med eit bilde.

I tillegg har CEWE Japan Photo sponsa utstillinga med 25 % rabatt på bildeproduksjonen. Sparebanken Narvik også har bidratt økonomisk.

Her er alle deltakande bilder frå venstre mot høgre:

  • Ørnulf Jenssen – Nordlys over Tømmervika
  • Ebba T. Jenssen – Svalbardpoesi
  • Bjarte Hoff – Swans on Ice
  • Unni Andreassen – Vår i nord
  • Rita Anne Berntsen – Frihet i nord
  • Per Gunnar Mørk – Fra Kabelvåg
  • Stig-Roland Knutsen – Vi strekker oss
  • Eila Tarvudd Sundby – September
  • Halvard Larssen – Stetind i kveldssol
  • Per Granaune – Ballesvika IX
  • Ebba T. Jenssen – Svalbardryper
  • Bjarte Hoff – Lofotfiske i snøvær
  • Simon Stokvold – På kanten

Utstillinga blir hengande i fleire veker, så lenge klubben får lov.

Sjå også denne artikkelen på klubben si heimeside med fleire bilder frå opninga.

Om forfatteren

Bjarte Hoff

Leder av Narvik Kameraklubb. Styremedlem i NSFF, konkurranseansvarlig og årbokredaktør.

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

RSS SISTE FRA NSFF.NO

Medeier Norsk Naturfotofestival

Norsk Naturfotofestival

Nordiske fotoorganisasjoner

Nordic Society of Photography (NFFF) Norsk fotohistorisk forening Fellesorganisasjonen Foto-Norge Selskabet for Dansk Fotografi (SDF) Suomen Kameraseurojen Litto Ry (SKsl) Riksförbundet Svensk Fotografi (RSF)

RSS NFFF (nordic.photo )