Årbokutstilling i Galleri Ullinsvin i Vågå

Tekst: Rune Hermansen

Norsk Selskap for Fotografi (NSFF) har igjen satt sitt preg på norsk klubbfoto med ei imponerande årbok-utstilling i Galleri Ullinsvin i Vågå. Utstillinga er eit samarbeid mellom fotoklubbane i Nasjonalparkriket, inkludert Lom Knipsarlag, Vågå Kameraklubb, Dovrefjell Fotoforum, Heidal Fotoklubb og Linselusa Vinstra. Saman har dei for tredje året på rad klar å fått denne mangfaldige og inspirerande NSFF utstillinga som speglar bredda og kvaliteten i norske  fotoklubbar til Ullinsvin i Vågå.

Utstillinga tilbyr eit variert motivval som viser kva fotoklubbmedlemmene er opptekne av. Naturleg nok er det ein overvekt av naturbilder, noko som ikkje er uventa i eit landskap så rikt på naturskjønnheit som Norge. Men utstillinga går langt utover dette. Besøkjarane kan også nyte portrett som fangar sjela i modellane, makrobilde som viser detaljar ein sjeldan legg merke til, stilleben som utforskar komposisjon og lys, samt gatebilde og akt som utforskar mennesket i ulike samanhengar. Kvar enkelt bilete fortel si eiga historie og viser det unike blikket til fotografen.

Midt på golvet i utstillingslokala finst ein skjerm som ruller premierte fotografi frå NPR nasjonal fotokonkurranse 2024. Denne landsomfattande konkurransen, som vert arrangert årleg av dei same fotoklubbane. I tillegg til utstillinga er det også arrangert ei liten salgsutstilling i eit hjørne av lokalet, der lokale fotografar tilbyr sine verk til sal. Dette er ein flott måte å støtte lokalt talent på og ta med seg eit stykke fotokunst heim.

Utstillinga, som er open 3 laurdagar og sundagar i februar/mars, tilbyr også eit rikt program for alle som er interesserte i fotografi.
Eine Laurdagen heldt Lom Knipsarlag ei bildevisning der dei viser fram nokre av sine bildespel.
Siste helga kan besøkjarane delta på eit fotokurs arrangert av Vågå Kameraklubb, der dei kan lære meir om fotografering og forbetre sine eigne ferdigheiter.
På avslutningsdagen held den kjende fotografen Roger Brendhagen eit føredrag kalla «Fra bilde til bok», der han deler sine erfaringar og innsikter frå ein lang og suksessrik karriere.

 
Utstillinga er også ei feiring av det lokale fotomiljøet. Heile 10 av bileta på utstillinga er tekne av medlemmar av fotoklubbane i Lillehammer og Gudbrandsdalen, noko som understrekar kvaliteten og engasjementet i desse klubbane. Dette viser kor viktig det er å ha eit sterkt lokalt fotomiljø som kan bidra til og inspirere den nasjonale fotokulturen.
 
 
 

For alle som er interesserte i fotografi, er denne utstillinga ein absolutt målfest. Enten du er ein erfaren fotograf, ein entusiastisk amatør eller berre ein som nyt å sjå på vakre bilete, har utstillinga noko å tilby. Med sitt varierte motivval, høg kvalitet og engasjerte program er det ein feiring av norske fotoklubbar som ikkje bør mistast.

Etter den offisielle opninga av utstillinga samla dei samarbeidande fotoklubbane seg til ein minnerik og inspirerande kveld med foredrag, godt selskap og ein deilig middag.

Ein av høgdepunkta på programmet var foredraget om konsertfotografering til Thomas Petterson. Han tok med seg publikum på ei fascinerande reise gjennom livet bak scenen. Petterson fortalde om den omfattande planlegginga som ligg føre kvar enkelt konsert, den intense arbeidsrytmen under sjølve fotograferinga, og korleis han må vere rask og presis for å fange dei rette augneblinka. Samstundes delte han også kjærleiken sin til yrket og korleis han finn glede i å dokumentere musikk og kultur på ein unik måte.
 
 
På den andre sida av spekteret stod Tone Bakken, som heldt eit inspirerande foredrag med tittelen «Frå ide til bilde». Ho skildra den kreative prosessen sin, som ofte kan ta opptil eit halvår frå den første ideen til det ferdige bilde. Bakken understreka kor viktig det er å ta seg tid til å eksperimentere, ta prøveopptak og finjustere kvar detalj for å oppnå det perfekte resultatet. Hennes tilnærming til fotografering stod i skarp kontrast til Petterson sin raskare og meir spontane stil, noko som understreka mangfaldet innan fotokunsten.
 
 
Den sosiale samlinga var ikkje berre ein suksess på dagen, men også ein inspirasjonskjelde for framtidige arrangement. Tanken om at fotoklubbane vil gjenta suksessen med eit nasjonalt vintertreff i Vågå til neste år, i samband med utstillinga vart drøfta. Dette vil vere ein flott moglegheit for fotografer frå heile landet til å møtast, dele erfaringar og lære av kvarandre. Meir informasjon om dette arrangementet vil kome når planane er ferdig utarbeidde.
 
Denne kvelden var ei påminning om kor viktig det er å skape rom for utveksling av idear og erfaringar, og korleis fellesskapet rundt fotografering kan vere ein drivkraft for både personleg og fagleg vekst.
 
Forsidebilde: Nils Johannes Tollefsen. Bilde henger på årsbokutstillingen.

Om forfatteren

Inger Postvoll

Redaktør av NSFF Magasin. Medlem i Haugaland Fotoklubb og PSA. Initiativtaker til damegruppa Lens Babes.

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

RSS SISTE FRA NSFF.NO

Medeier Norsk Naturfotofestival

Norsk Naturfotofestival

Nordiske fotoorganisasjoner

Nordic Society of Photography (NFFF) Norsk fotohistorisk forening Fellesorganisasjonen Foto-Norge Selskabet for Dansk Fotografi (SDF) Suomen Kameraseurojen Litto Ry (SKsl) Riksförbundet Svensk Fotografi (RSF)

RSS NFFF (nordic.photo )