
Klart for uorganisert årleg hausttur til Døråldalen i Rondane

Det er snart klart for vår uorganiserte, årlege, hausttur til Døråldalen i Rondane!
Det heile starta med at nokre frå Linselusa drog dit for ein del år sida. Det vart så med folk frå Vågå Kameraklubb, og seinare tilfeldige fotografar frå andre plassar som vi har treft der under turane våre.
Turen er heilt uorganisert, og vi ligg i telt, under åpen himmel eller i bilene våre. Søvn plar det være lite med, da fotograferinga foregår døgnet rundt frå fredag kveld til søndag morgen. Invitasjon er sendt til tilfeldig utvalgte utanom klubbane, og er du i området helga 14.–16. september, uansett kvar du kjem i frå, er du hjerteleg velkomen til å bli med!