John Colbensen utnemd til æresmedlem i Skodje Fotoklubb

John Colbensen utnemd til æresmedlem i Skodje Fotoklubb

Pressemelding fra styret i Skodje fotoklubb:

Sjølve idéskaparen bak stiftinga av Skodje fotoklubb, John Colbensen, har i 2016 blitt utnemnd til vårt aller første æresmedlem i fotoklubben.

Å drive klubb er dugnad, dvs. å arbeide for fellesskapet og å stille seg til disposisjon med:

  • Inspirasjon
  • Kreativitet/fantasi
  • Kunnskap
  • Ambisjonar
  • Innsatsvilje
  • Humør
  • Tid
John Colbensen

Det heile begynte med nokre lappar på butikkane og en artikkel i Bygdebladet. John hadde flytta til Skodje og fekk lyst til å starte eit lite fotomiljø på Skodje… Men, det starta eigentleg lenge før den tid. John sin lidenskap for foto og det å skape noko spennande går langt attende, og erfaringa er både allsidig og solid: Norgesmester i undervannsfoto og Skandinavisk Fotomester 2012 talar for seg. Han har dessutan fleire år i fotolaboratorium og arbeid med Photoshop bak seg, nokre år som pressefotograf har også gitt allsidig og god erfaring, samt innsikt i korleis skape fotografi med brodd og bodskap. Andre bragder og erfaringar kunne også vore nemnde…

Tilbake til Bygdebladoppslaget. John håpa på at kanskje 15-20 kunne vere interesserte, men på møtet der ideen om fotoklubb vart lufta, kom nesten 40 personar. Signala frå salen var eintydige. Dette ville dei vere med på. Det vart valt eit interimstyre, og klubben vart formelt stifta 8. april 2010.

Innmeldingane strøymde på, ikkje berre frå Skodje, men også frå kommunane rundt. Snart var vi 50, og ved utgangen av 2012 talde medlemslista så vidt over 100. Seinare har talet lagt jamt på mellom 70 og 90. I november 2016 var det 87 medlemmer.

Første året hadde vi 2 møter i månaden, og det var kurs som m.a. John førebudde. I time etter time, dag ut og dag inn førebudde han kurs for medlemmene i klubben. I månad etter månad var han berebjelken i medlemsmøta. John brann for å innprente og øve inn basiskunnskapar om fotografering, og korleis innstilling og bruk av kameraet kunne brukast til å skape bilde litt utanom det vanlege. Villig auste han av sin kunnskap. Var der hol i kunnskapen, så skaffa han seg den gjennom å lese og studere.

På klubbmøter, utflukter og styremøter inspirerte John oss til nye vinklingar, nye og forskjellige perspektiv, større blendar og lenger lukkartid. Han viste korleis vi kunne eksperimenterte med speil og lommelykt, for å skape lys, og bruke sprayflaske med vatn, og mykje meir.

John hadde også store ambisjonar for klubben og fellesskapet. Han ønska både å skape eit godt fotomiljø, og at klubben skulle markere seg i fotonorge, bl.a. gjennom deltaking i konkurransar. Noko vi også har klart. Resultatlistene, både for klubben og for enkeltmedlemmer, har vist at vi kan. Norgesmeister har vi hatt, to gonger har medlemmer i klubben fått Leif Preus pris for beste portrett uansett klasse, og Jan Baashus-Jessens Plakett for beste kreative foto. Samanlagt har klubben vore blant dei fem beste sidan starten. Beste plassering var nummer 2.

Eg trur få i klubben kan førestille seg kor mykje innsats John har lagt ned for fellesskapet, for å få til semesterprogram med godt utbytte, og klubbmøte med godt utbytte for medlemmene. Det er uttallige timar som ligg bak… Ikkje rart at han til slutt følte behov for å tre litt tilbake, og overlate roret til ein ny leiar.

Likevel er han fortsatt aktiv i styret. Kreativiteten, ideane og innsatsviljen er der fortsatt. Ei verkelig eldsjel.

Det er dette styret i klubben ønskte å vise at vi set stor pris på. Eit einstemmig styre (John hadde forfall) utnemnde derfor John til æresmedlem tidlegare i år. Vedtektene våre seier dette om kva som skal til. «Medlem som har lagt ned betydeleg innsats for Skodje fotoklubb, for lokalt fotografi og fotomiljø gjennom mange år, kan utnemnast til æresmedlem.»

Seks år er kort tid, men historia starta før stiftinga av Skodje fotoklubb. Det er den samla innsatsen for klubben, lokalt fotografi og fotomiljø som ligg til grunn for utnemninga.

Bildet i toppen har tittelen «Guardian Angel». Med det tok John Colbensen bronse i førsterunden av NM i Foto 2015, i kategorien «Kreativ».

www.johncolbensen.com

John Colbensen er en av kurs- og foredragsholderne tilknyttet NSFF sin medlemsfordelsordning. Han tilbyr 11 forskjellige kurs innen foto og redigering. Du finner Colbensens presentasjonsside her.

Om forfatteren

Birgit Fostervold

EsNSFF, HonENFFF, medlem i Homborsund fotoklubb. Tidl. redaktør for NSFF Magasin (2016–22), tidl. nestleder og konst.leder NSFF (2017–22). Webmaster og designer NSFF. Styremedlem+webmaster Nordisk Forbund for Fotografi samt Norsk Naturfotofestival. Lensbaby-ambassadør.

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

RSS SISTE FRA NSFF.NO

Medeier Norsk Naturfotofestival

Norsk Naturfotofestival

Nordiske fotoorganisasjoner

Nordic Society of Photography (NFFF) Norsk fotohistorisk forening Fellesorganisasjonen Foto-Norge Selskabet for Dansk Fotografi (SDF) Suomen Kameraseurojen Litto Ry (SKsl) Riksförbundet Svensk Fotografi (RSF)

RSS NFFF (nordic.photo )