Denne nyhetsartikkelen er mer enn ett år gammel og kan være utdatert. Gå til nyhetsoversikten.
Fotokonkurranse Gildeskål

Gildeskål fotoklubb arrangerer åpen nasjonal fotokonkurranse i samarbeid med CEWE. Tema for konkurransen er «Å eg veit meg eit land!» —det lokkes med flotte premier verdt 26 000 kroner og visning i spektakulært utendørs galleri.

Regler

  • Det konkurreres i to klasser; «digital farge» og «digital monokrom».
  • Hver deltaker kan delta med inntil 10 bilder i hver klasse; totalt 20 bilder.
  • Bildets tittel skal altså være en av verselinjene i «Nord-Norges nasjonalsang» Barndomsminne frå Nordland av Gildeskålværingen Elias Blix, se nedenfor.

De premierte bildene stilles ut i stort format i Galleri Langsanden. Send inn dine beste bilder seinest Olsok-dagen; 29. juli 2021!

>> Delta her <<

Teksten til "Barndomsminne frå Nordland"

Tekst: Elias Blix

Å eg veit meg eit land langt
der oppe mot nord,
med ei lysande strand
mellom høgfjell og fjord.
Der eg gjerne er gjest,
der mitt hjarta er fest
med dei finaste, finaste band.
Å eg minnest så vel dette land!

Der eit fjell stig mot sky
med si krona av snø,
og i lauvklædnad ny
det seg speglar i sjø,
og det smiler mot strand
med si bringa i brand
i den solklåre kveld.
Å eg minnest så vel dette fjell!

Ja eg kjenner den stad
der eg stima som gut,
der eg kaua og kvad
så det svara frå nut,
der eg leika og log
i den lauvklædde skog
mellom blomster og blad
Å eg minnest så vel denne stad!

Og når vinden var spak,
fór om fjorden eg rundt,
der eg rodde og rak
som ein fiskande glunt.
Der eg leikande låg
og meg vogga på våg
i den nattsol der nord
Å eg minnest så vel denne fjord!

Med det dårande hav,
som no drøymer so stilt,
vert ei glupande grav
når det reiser seg vilt.
Snart det lokkar og lær,
snart det yver deg slær
og dreg båten i kav.
Å eg minnest så vel dette hav!

I min heim var eg sæl,
av di Gud var attved,
og eg kjende så vel
kor det anda Guds fred,
når til kyrkja me fór,
når me heime heldt kor,
og med moder eg bad.
Å eg minnest så vel denne stad!

Denne heim er meg kjær
som den beste på jord.
Han mitt hjarta er nær,
denne fjetrande fjord,
og det målande fjell
og den strålande kveld,
hugen leikar på deim.
Å eg minnest så vel denne heim!

Og eg lengtar så tidt
dette landet å sjå,
og det dreg meg så blidt,
når eg langt er ifrå.
Med den vaknande vår
vert min saknad så sår,
så mest gråta, mest gråta eg kan.
Å eg minnest så vel dette land!

Premier fotokonkurranse Gildeskål