1. plass monokrom, NM i foto høstrunden 2020: Shadowlife — Hans J. Rasmussen

1. plass monokrom, NM i foto høstrunden 2020: Shadowlife — Hans J. Rasmussen, Narvik kameraklubb

Reglane for NM i foto blir oppdatert frå og med 2021, der det blir introdusert to nye klassar. Dei to nye klassane legg begge vekt på det naturlege og dokumentariske ved fotografiet. Det gir ein moglegheit til å lyfta fram motiv som ikkje kjem opp i dei andre klassane. Her fylgjer dei to klassane og definisjonane.

Sjå dei oppdaterte reglane her: https://app.box.com/s/3xhr1r66s8zp92qd97xgre2zhzhsl3q8

Kulturlandskap/ Urban natur

Definisjon: bilder som viser mennesket sin tilstedeværelse og påvirkning i naturen, eller naturen sin inntreden i urbane landskap. Ingen manipulering, fjerning eller tilføring av nye element i etterbehandling. Mennesket i seg selv er ikke tilstrekkelig som menneskelig påvirkning, men kan inngå som en del av bildet. Konvertering til monokrom er tillatt, samt fjerning av støv, riper og støy for å restaurere den opprinnelige scenen.

Denne klassen lyftar fram ein stor del av den norske naturen og kulturen som så lang har falt utanfor i naturklassen. Naturen i dag er i stor grad påverka av mennesket, både i eldre og nyare tid. Mennesket er ein del av naturen og naturen er ein del av oss. Tillegget «Urban natur» er tatt med nettopp for å tydeleggjera at også moderne menneske er kopla til naturen. Å unngå alle menneskapte element på påverknadar gjer at ein går glipp av mange motiv som viser Noreg og kulturen vår. Dette er med på å lyfte fram det tradisjonelle fotografiet i Noreg, for mange av våre kjente fotografi og maleri er nettopp av kulturlandskapet — men klassen er sjølvsagt ikkje avgrensa til bilete frå Noreg.

Ut over det, har klassen same krav som naturklassen ved at motivet ikkje skal vera konstruert eller endra i etterbehandling.

Dokumentar/ Foto-journalistikk

Definisjon: et fotografi med minimale justeringer av det originale bildet, skal ikke være arrangert og framstå som naturlig. Bildet skal inneholde mennesker og/eller menneskeskapte element som viser mennesket sin tilstedeværelse i verden. Flytting, tilføring eller fjerning av element i bildet er streng forbudt både i opptakssituasjonen og i etterbehandling, med unntak av beskjæring. Konvertering til gråskala svart/hvitt er tillatt, samt fjerning av støv, riper og støy for å restaurere den opprinnelige scenen.

Denne klassen har fotografiet i fokus. Motivet skal her vera ekta kan ikkje vera arrangert/ endra, verken i opptakssituasjonen eller i etterbehandling. Slike motiv har hatt svært vanskeleg å nå opp i konkurranse med arrangerte og etterbehandla bilete i «fritt motiv»-klassen.

Mennesket sitt nærvær er eit krav i denne klassen, for å skilje den frå naturklassen. Samtidig kan klassen innehalda større variasjon i motiv enn gatefoto, slik at ein større del av kvardagen i både by, bygd og anna menneskeleg aktivitet kan dokumenterast.

Organisering av vår og haustrunde

Dei to nye klassane skal ikkje auka det totale talet på klassar i NM. Det betyr at Natur og Kreativt ikkje vil vera både i haust- og vårrunden som før. Dei to rundane vil no vera organisert som beskrive her.

NM i foto – runde 1, vårrunden

  • Fritt motiv – Digital farge
  • Fritt motiv – Digital monokrom
  • Fritt motiv – Papir storformat (A3/ 30×40/ A3+)
  • Fritt motiv – Papir småformat (A4/ 20×30)
  • Fritt motiv – Papirkolleksjon (1 kolleksjon på 3–5 bilder, A4)
  • Kreativt – Digital
  • Kulturlandskap/ Urban natur

NM i foto – runde 2, haustrunden

  • Fritt motiv – Digital farge
  • Fritt motiv – Digital monokrom
  • Fritt motiv – Papir storformat (A3/ 30×40/ A3+)
  • Fritt motiv – Papir småformat (A4/ 20×30)
  • Tema – Digital (nytt tema kvar runde, bestemt av konkurranseutvalet)
  • Natur – Digital
  • Dokumentar/ Foto-journalistikk – Digital

Gjennomføring av NM

I tillegg til endring av klassar, blir gjennomføringa av NM justert til å vera meir lik det som er vanleg praksis i internasjonale konkurransar. Dette vil letta arbeidet for juryen som ofte har mykje erfaring med dette og kan stå for effektiv juryering på vanleg måte utan særkrav. NM er på størrelse med ein stor internasjonal konkurranse og det er viktig at juryen ikkje blir pålagt større arbeidsbelastning enn nødvendig for at me skal kunne rekruttera dyktige personar år etter år.

Dette medfører at det frå 2021 som hovudregel ikkje blir kommentert på premierte bilete. NM er i dag mykje større med fleire klassar og premierte bilete enn i tidlegare landskonkurransar. Tilbakemelding frå juryen ut over resultata blir no ein hyggeleg overrasking, men ikkje noko ein kan forventa.

I denne samanheng kan det også nemnast at det er eit ynskje å fase ut A3+ som format i papirklassen storformat og heller standardisera på A3. A3+ er ikkje observert å gi noko fordel i juryering, men fører berre til auka kostnad og større pakkar. Det er derfor eit håp at klubbar og privatpersonar tar det i betraktning ved framtidige innkjøp av papir.